Generalsponsor

Vår stolte generalsponsor

-

Hovedsponsorar

Hovedsponsor
Hovedsponsor

-

Utstyrsleverandør

Umbro logo

ÅRSMØTE 2013 GURSKEN IL – REFERAT

ÅRSMØTE 2013 GURSKEN IL (Referat) 13.02.2014 

Frammøtte av styret :

  • Tore Almestad
  • Kjell Hauge
  • Svein–Tore Sætre
  • Knut-Sindre Flåskjer
  • Jannike Breivik
  • Henriette Sætre Hauge

Med styret var totalt 15 personer frammøtte til årsmøtet.

 

Sak 1 :

Tore Almestad ønskte velkommen til årsmøtet.

Alle fremmøtte var medlemmer av idrettslaget, og blei godkjende med stemmerett.

Godkjenning av innkalling, sakliste og møteregler. Ingen merkander.

Sak 2 :

Val av leier : Tore Almestad blei valgt til leiar for møtet.

Val av skrivar : Henriette Sætre Hauge velgt til skrivar.

Vegard Longva og Janne Fenes blei foreslått til å skrive under protokollen, ingen merkander.

Sak 3 :

Tore Almestad gjekk gjennom årsmeldinga for styret, materialnemnd og sponsornemnd.

Kjekk Hauge gjekk gjennom årsmeldinga for anlegg.

Svein-Tore Sætre gjekk gjennom årsmeldinga for trimgruppa.

Kari Myklebust gjekk gjennom årsmeldinga for Gursken Cup.

Vegard Longva gjekk gjennom årsmeldinga for Jente 8.

Jannike Breivik gjekk gjennom årsmeldinga for G11.

Tore Almestad gjekk gjennom årsmeldinga for G7.

Rolf Kristian Vik gjekk gjennom årsmeldinga for G10.

Tore Almestad gjekk gjennom årmeldinga til G14, G12 og G16.

Mangler årsmeldinga for damelaget, og det beklager styret.

Kommentar til årsmelding, lage til felles «happening» for alle lag ved sesong slutt.

 

Sak 4 :

Regnskapen for 2013 :

Oddbjørn Vågen og Janne S. Nykrem har utarbeida revisjonmelding for 2013. Tore Almestad gjekk gjennom denne meldinga.

Merethe Almestad gjekk gjennom regnskapet for 2013 for årsmøtet.

Driftresultatet til Gursken Il er kr. -114 566,21,-

  • Spørsmål ang kioskutgifter harmonerer ikkje. Det har vært ei gransking i denne saka, men kan ikkje finne feilen.

Det er for dårlige rutiner når det gjeld kiosknemnda, og dette er kommer det nye styret til å ta tak i. Rutiner på innkjøp, utgifter og kontanter.

  • Gursken IL har ikkje følgt regelverket for lønnsoppgåveplikt for skattefrie lag og foreininger, lønnsoppgåvepliktige ytinger har ikkje vorte lønnsmelde.

Årsmøtet forventer ved det nye styret i ettertid syter for innskjerpa rutiner opp i mot revisjonmeldinga.

Regnskapen blei godkjent.

 

Sak 5 :

Valgnemnda har fått frist til den 25.mars for å fylle kiosknemnda og kampoppsett Gursken Cup.

Sjå original og rettinger for valgnemnda ved vedlegge bakerst.

 

Sak 6 :

Gursken stadium.

Larsnes/ Gursken vil bruke grasbana frå juni av, men dette må vi få ei avtale på.

Det var snakk om innkjøp av Bio-klipp.

Styret vil sjå nærmere med framtida for grasbana, evaluering etter 1 år.

 

Sak 7:

River Plate, garderobeforhold.

Årsmøtet har drøfta og gir fullmakt til styret for å bedre garderobeforholdet ved River Plate.

 

Ref.

Henriette Sætre Hauge

Tidligare innlegg
Kategoriar